• Eg har vore med på tråling og sett mykje rart ifrå havet, men dette tok kaka, seier Oddmund Fylkesnes (61).

Laurdag morgon gjekk Oddmund Fylkesnes tur langs stranda ved rorbua på Fylkesnes på Bømlo. Sola strålte i vasskanten. Brått såg han noko som blinka og rørte seg i fjøresteinane.

— Eg lurte først på om det var noko plast som hadde rekt i land. Det var som den blankaste sild, seier elektrikaren som er oppvaksen på Bømlo, men bur på Stord.

Men det var noko levande som balte i fjøra. Han fekk fart på beina og sprang etter kamera.

— Eg har aldri sett noko liknande, og lurte på om det var fisken dei kallar sildakongen, seier 61-åringen.

- Noko må ha feila han

Fisken som sumde att og fram i fjøra var heile 1,70 meter lang, blank som sølv og med eldraud ryggfinne. Fordi fisken sumde sidelengs i den grunne fjøra, prøvde Fylkesnes å føra han ut på djupare vatn.

— Det var fullt liv i han då eg strauk borti han, men det må ha vore noko som feila han, meiner Fylkesnes. Heile tre gonger førte han fisken ut på djupare vatn.

— Den eine gongen sumde han så djupt at eg ikkje såg han lenger. Men etter ein time kom han attende, seier 61-åringen.

Lever på 900 meters djup

I over eit døgn heldt fisken seg på grunt vatn på Fylkesnes, før han døydde søndag.

Både barn og vaksne fekk sjå den underlege fisken. Til og med nokre svaner fatta interesse for sølvfisken frå havet.

I ettertid har Fylkesnes fått undersøkt på internett og meiner fisken må ha vore ei sølvkveite. Dei kan bli heile tre meter lange og lever på havdjup ned mot 900 meter. No ligg han godt forvart i frysaren hos Fylkesnes.

— Kanskje nokon på Havforskingsinstituttet er interessert, undrar Fylkesnes.

Forskarar vil dissekera fisken

Bt.no syner bileta til havforskar Kathrine Michalsen ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

— Så fine bilete, seier ho umiddelbart. Etter å ha studert bileta stadfestar ho at det er ei sølvkveite.

Denne fisken held seg for det meste i den nordaustlige Atlanteren opp til Færøyane, Shetlandsøyane og Island. Den er mindre vanlig i områda nord for lina mellom Shetlandsøyane og Færøyane.

— Kvifor trur du han havna i stranda på Fylkesnes?

— Den liker seg truleg i varmare, saltare djupvatn enn det vi har i farvantna våre. Like utanfor norskekysten i dei store havdjupa blir vatnet veldig kaldt. Ein annan årsak kan vera at han var sjuk, seier Michalsen som gjerne vil ha fisken til disseksjon på Havforskingsintituttet.

— Ein disseksjon av fisken kan fortelja oss om den hadde mange parasittar, var klar for å gyta eller om han hadde noko i magen, seier forskaren.

- Meld frå!

Ifølgje forskaren kan sølvkveita bli inntil tre meter. Sildakongen, som er ein nær slektning, kan bli heile sju meter.

— Sildakongen er blant dei lengste fiskane vi veit om. På grunn av storleiken og formen har den vore opphav til mytar om sjøormer, fortel Michalsen.

Ho oppmodar Fylkesnes til å registrera fisken i Havforskingsinstituttet sin database for fiskefunn.

— Slik auker kunnskapen vår om desse sjeldne artane. Dei siste åra har vi fått inn fleire og fleire meldingar om sølvkveite, og det er viktig at folk som finn noko nytt og spannande melder frå om funna sine, seier ho.

STOLT OPPDAGAR: Sølvkveita kan bli heile tre meter lang. Fisken som dukka opp i fjæra ved Oddmund Fylkesnes si rorbu på Bømlo var kring 1,70 meter lang. -Nesten like lang som meg, seier Fylkesnes.
PRIVAT