Politi, ambulanse, luftambulanse og dykkarar rykte i dag tidleg ut til Selvik ved Førdefjorden. Folk melde frå om at 40 meter av autovernet langs riksveg 614 mellom Førde og Askvoll var køyrt ned. Politiet frykta at ein bil hadde hamna i fjorden. Halvannan time etter at aksjonen var sett i gang, blei han avblåst. Då melde vitne seg som kunne fortelje at det ikkje låg noko bil på fjordbotnen.

– Ein bilførar køyrde inn i autovernet i går kveld, men han greidde å halde seg på vegen. Frå staden blei det ordna med vekktauing av bilen, som visstnok er totalvrak, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø.

Han legg ikkje skjul på at politiet ser alvorleg på at det ikkje blei meldt frå.

– Hadde det skjedd, ville vi unngått ei så stor aksjon, seier Avsnes.

– Har føraren plikt til å melde frå når det ikkje er personskade?

– Ja, når det er store materielle skader skal det gjerast. Bilføraren må rekne med at det blir oppretta ei politisak på dette.

Til bt.no seier Avsnes at dei veit kven som sat bak rattet. Det er ein ung mann frå området. Han skal ha vore åleine i bilen, og kom frå hendinga utan vesentlege fysiske skader.

– Vi har ikkje snakka med føraren enno, men har vore i kontakt med familien hans.