Den forsterka fødestova i Lærdal skal ha gynekolog i beredskap 24 timar i døgnet. Likevel skal jordmødrene kontakte gynekolog i Førde.

Gynekologane i Lærdal skal berre nyttast dersom det er trong for akutt hjelp. Leiar for gynekologstafetten til Lærdal sjukehus, Pål Wölner-Hanssen, seier til NRK Sogn og Fjordane at opplegget er pengesløsing og fører til større risiko for dei fødande.

Han får støtte av fylkeslege Petter Øgar:

— Dette er vanskeleg å forstå for utanforståande, inkludert meg, seier fylkeslegen.