— Kva er vitsen med å samarbeide, når samarbeidspartnarane våre ikkje trur oss, spør leiaren av Vestnorsk Havbrukslag.Det er utsegner avdelingsdirektør Yngve Svarte i Direktoratet for Naturforvaltning kom til i Bergens Tidende søndag, som har fått adrenalinet til å strøyme hos Sveinung Sandvik. Trur ikkje på tala I artikkelen kom det fram at talet på fisk som har rømt frå norske oppdrettsanlegg har gått kraftig nedover dei siste åra. Men samstundes meiner direktoratet at mørketala er store.Registreringane av rømd oppdrettslaks skjer ved at oppdrettarane sjølve rapporterer frå til fiskeristyremaktene, og direktoratet stiller store spørsmålsteikn ved denne metoden. – Eg vil ikkje vere med på ein diskusjon der styremaktene gjev heilt klart uttrykk for at dei meiner vi bløffar, kommenterer leiaren i havbrukslaget. Gått slik vi håpa Sandvik viser til at oppdrettsnæringa i ein periode på over ti år har samarbeidd nært med fiskeri– og miljøstyremakter for å få redusert luse og rømmingsproblemet.- Det er sett inn kolossale ressursar for å få ned talet på fisk som rømmer. 100-tals millionar er brukt. Oppdrettarane har gjort det vi vart einige om. Så viser resultatet av vi er der vi håpar: Rømminga går nedover. Men då er tilbakemeldinga at dei vi har samarbeidd med, ikkje trur på oss. Eg stiller meg heilt uforståande til dette utspelet frå Direktoratet for Naturforvaltning. Misvisande tal Sommarens debatt om oppdrettsnæringa starta då det vart kjent at undersøkingar gjort av Havforskingsinstituttet, viste enorme lusemengder på småfisk som vandra ut Sognefjorden. På bakgrunn av funna, konkluderte havforskarane med at det meste av årets smolt frå Sogn alt er daud.Sveinung Sandvik legg ikkje skjul på at han er skeptisk til materialet havforskarane har presentert:- Vi som steller med oppdrett veit at fisk med mykje lus søkjer til overflata. Når havforskarane trålar overflata i Sognefjorden, vil dei ende med solid overvekt av fisk som er angripen av lus. Hetskampanje Til Bergens Tidende seier Sandvik at han ser på debatten om oppdrettsnæringa denne sommaren som ein kampanje, før Stortinget skal ta stilling til konkrete tiltak for å redde villaksen.- Vi opplever voldsomme angrep på ei bestemt næring. Men kva med alle andre faktorar som har vore med på å føre stammen av villaks i krise?Kva med sur nedbør, vasskraftutbygging, direktoratets eiga forvaltning av villaksen og alt det andre som har vore negativt for villaksen, spør oppdrettarleiaren.