Ho var i fjor haust i konflikt med eit firma som gjorde vedlikehaldsarbeid på huset hennar i Batalden i Flora. Bjelland nekta å betale, og har opplyst til politiet at ho er sikker på at det er firmaet som står bak trusselbrevet. No har politiet lagt bort saka. Politijurist Ivar Iversen ved Fjordane politidistrikt seier til NRK, Førde at dei ikkje har nok bevis i trusselsaka.