I dag dreg politimeisteren i Hordaland til Kvinnherad for å gje oppmuntring til dei ansatte.

— Eg føler eit arbeidsgjevaransvar og dreg til Kvinnherad for å ha samtalar med medarbeidarane der. Det har vore ei forferdeleg belastning for tenestemennene, seier konstituert politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen.

— Folk må besinna seg til det er gjort undersøkingar av politiets etterforskningsorgan Sefo, slik det er varsla, seier Gudmundsen.

Anonyme truslar

Politimeisteren vil ikkje gå nærmare inn på kva type truslar som er sette fram mot Kvinnherad lensmannskontor.

Etter det Bergens Tidende kjenner til skal det handla om anonyme truslar som det er gjort etterforskningssteg mot.

— Det er viktig no å ikkje hengja seg på ei stemning der nokon vil «ta» tenestemenn som har gjort jobben sin. Det handlar om ei av dei suverent vanskelegaste oppgåvene for politiet. Vi har mange kompliserte saker å løysa som samfunnets sivile rettsapparat, og kan ikkje alltid velja om vi skal gå inn i dei eller ikkje.

Vanskeleg situasjon

— Vi er i ein vanskeleg situasjon med omsyn til å kommentera hendinga fordi Sefo skal etterforska saka, og fordi vi har teieplikta å ta omsyn til. Har det skjedd noko kritikkverdig, får Sefo ta det opp. Eg har full tillit til Kvinnherad lensmannskontor, som har medarbeidarar som eg har stor respekt for, seier Geir Gudmundsen.

Kvinnherad lensmannskontor har ti polititenestemenn, medrekna lensmann Jan Ludvik Fosse (42).