Knut Skiple fekk skryt for kreativitet då han lanserte ideen om å flytta inntaket for største kraftverket frå Reime til Urdland. Det gir 25 % mindre kraft, men styrer unna dei beste raftestrekningane.

Dei som taper på ei slik endring er grunneigarane Mellom Reime og Urdland. Dei presiserte at dei hittil ikkje har fått ei krone av raftarar og elvepadlarar for bruken av elva. Den kommunale utgreiinga opererer med fallrettar i hundretusenkronersklassen.

Vanskeleg å snu Stortinget Største tvilen gjeld Stortinget sin vilje til å gjera endringar i den landsomfattande verneplanen for vassdrag.

Rådmann Einar Hauge antyda at kommunestyret neppe ville gå inn for å ta på seg ei så stor oppgåve dersom elveeigarane insisterer på å behalda alle pengane for fallrettane sjølve, og ikkje la lokalsamfunnet ta del i det.

Grunneigarbetaling Dette fekk Arnstein Karlsen til å spørja om det er elveeigarane som skal betala for ny veg gjennom Raundalen, medan inntektene som kommunen får av kraftutbygginga, skal brukast andre stader (les: Vangen).

— Kor mykje er vi raundøler verde når kraftstasjonane er på plass? spurde Anita Bøe, og viste til Evanger.

Derifrå frå Voss kommune kraftinntekter, men trugar stadig med nedlegging av ungdomsskulen.

Rådmannen gjentok at det ville vera ein fordel om heile Raundalen fekk nytte av fallrettane, i staden for hundretusenvis til eit fåtal grunneigarar. Men vegen kan også takast med i sjølve kraftprosjektet. Det er så godt at det blir billeg straum likevel.

Horribel veg til Mjølfjell Den elendige fylkesvegen gjennom dalen – frå Palmafossen (på Rv 13) til Mjølfjell Ungdomsherge vart eit sentralt tema på møtet. Nanna Nordahl var redd for at kommunen har gitt Hordaland fylkeskommune ei sovepute, og Raundalen er garantert elendig veg i minst ti år til.

— Fylkesvegen er fylket sitt ansvar, men dei vil neppe gjera noko med den elendige vegen no når kommunen seier at kraftutbygginga kan betala, tidlegast om ti år, sannsynlegvis aldri, sa ho.

Nils Petter Bere hadde inga tru på at Raundalen får skikkeleg veg utan at ein betalar for det sjølv. Han ser på kraftutbygging som ein eineståande sjanse til å få det til. Dessutan vil vasskrafta monna i den norske klimarekneskapen, meiner han.