Båtrestane som Johannes T. Tofte fann i ei myr på Buneset i Toftevågen på Halsnøy for 112 år sidan, er plasserte på Bergen Sjøfartsmuseum som eitt av Nordens eldtse båtfunn.

Laurdag sjøsette Kvinnherad kystlag Halsnøybåt-kopien på Sunde og rodde han til Høylandsbygd via Toftevågen.

Det er shippingmannen Johannes G. Eide på Halsnøy som har fått strandebermingen Knut Sørnes til å laga ein 17 fots fullskalamodell av robåten.

Bordgangane i furu er som på originalane frå før vikingtida sydde saman med hyssing laga av lindebast, låst med ein knute for kvart sting.

Johannes G. Eide har arbeidd målretta for å få større merksemd om den rike båtbyggingstradisjonen på Halsnøy. På hans initiativ er det sidan 2006 kome lokale minnesmerke over både Halsnøybåten og USA-fararen «Skjoldmøen» bygt på Halsnøy i 1856.

Otto M. Johnsen
Otto M. Johnsen