HILDE KRISTIN STRAND

Det er trongt på KNM «Ravn». Den 36 meter lange MTB-en har plass til 25 menneske. Det vert ikkje store plassen til kvar, alle delar ein dusj og ein lærer seg fort å sova sjølv om andre snorkar. For lugar åleine har ein ikkje.

— Me delar lugar med NK (nestkommanderande), smiler løytnant Ann Catrin Friksen (30), løytnant Kirsti Johansen Green (30). Saman med fenrik Charlotte Nordbø (22) stortrivst dei som mindretal om bord. I tillegg til dei tre er det ein kvinneleg meinig om bord på båten.

Får respekt for det ein kan

Dei tre fortel om spenninga, utfordringane og om å få sjå stadig nye delar av norskekysten. Er dette den einaste grunnen til at dei hamna i Forsvaret?

— For meg var grunnen så enkel som at det er vanskeleg å få jobb som sivil maskinist, fortel Friksen.

— Eg fekk fleire reaksjonar då eg valte å verta maskinist enn då eg gjekk inn i Forsvaret. Friksen er 1. maskinist på «Ravn», Nordbø navigasjonsoffiser og Green operasjonsromsoffiser. Det er ho som har kontroll på våpenbruken om bord.

— Det er ikkje noko annleis å vera jente om bord. Eg trur eg hadde eit minutt lenger på 3000 meter då eg var på befalskulen, seier Nordbø.

— Ein får respekt for det ein kan, seier Friksen.

Ho fortel at sjølvsagt kan gutane slengja nokre kommentarar, og at nokre meinige kan ha eit snevert kvinnesyn. Men det er ikkje noko problem å irettesetja dei.

— Ein hadde vorte nervevrak dersom ein skulle bry seg om kva folk tenkte om ein og om at ein er jente, legg maskinisten til.

Kan ikkje vera fintfølande

— Det er enkelt å jobba med gutar. Dei vert fort ferdige med ei sak, jenter baksnakkar meir, seier Green. Både ho og Friksen seier det var tøffare då dei kom inn i Forsvaret for 11 år sidan. Dei har vorte flinkare til å seia ifrå dersom dei møter oppførsel dei ikkje aksepterer.

— Ein kan ikkje vera fintfølande, og må ha bein i nasen. Ofte er ein einaste jente, seier Friksen.

Når det gjeld utsegnene om kvinner på marinejegerkommandoen si nettside, kjende ikkje kvinnene til desse før BT fortalde det. Friksen seier språkbruken blant yngre ungdommar er mykje tøffare no enn tidlegare. I tillegg er våpeninteressa større, og mange vert skuffa når dei oppdagar at dei ikkje får bruka våpen så ofte i Forsvaret som dei hadde trudd.

— Eg vart ikkje fornærma då eg høyrde kva som stod på nettsida, seier Nordbø.

— Ein må kunne seia og meina kva ein vil. Me er ikkje blonde og dumme, slær ho fast.

BEFAL PÅ KNM «RAVN»: Etter 11 år i Forsvaret har løytnantane Kirsti Johansen Green og Ann Catrine Friksen vorte tøffare. Dei trivst som kvinneleg befal i Forsvaret, og seier dei hadde vorte nervevrak dersom dei skulle tenkja på kva folk syntest om at dei som jenter jobbar om bord.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ