PER MARIFJÆREN

Helene Hjelle bur i Hjelmelandsdalen i Eid kommune, og for henne er julepyntinga blitt eit prosjekt som startar fleire månader på førehand.

— Vi bur jo litt avsides, men kvar jul kjem det veldig mange hit for å sjå kva eg har funne på. Det går ein jamn straum av bilar med skuelystne forbi her kvar dag jula gjennom. Det er så moro, både for meg og barna her, seier 56-åringen.

Og i år er det ikkje småtteri Helene har pønska ut. Attraksjonen er eit ni meter høgt nissetårn, bygd opp av svære kabeltromlar som er bolta saman oppå kvarandre. Her er nissar både ute på «verandaene» og inne i opplyste vindusåpningar.

— Eg er så glad for at det kom litt snø, for da blir det mykje finare og koselegare, seier Helene, som lenge såg mørkt på værutsiktene.

Også inne

For installasjonen ville neppe sett like fin ut i det mørke desemberregnet vi hadde så lenge her vest.

— Nissane er stort sett bygd opp av tøy og ull, og ville ha sige heilt saman ute i regnet, seier ho. - Men no ser det verkeleg bra ut!

Også innandørs tar Helene julepyntinga litt lenger enn dei fleste av oss. Ho stenger huset regelrett av for alle utanfrå, inkludert den næraste slekta. Så er det ommøblering og pynting for alle pengane.

— Eg har laga ein heit raud julekrok med masse puter og dekorasjonar. Der skal dei yngste tilbringe mykje tid med tv og kos, seier ho.

Massevis av hjelp

Ute i snøen står kunstverket og lyser, og ho legg ikkje skjul på at ho er litt stolt. Men også takksam for all hjelp ho har fått for å realisere julegalskapen sin.

— Eg har fått så mykje hjelp og støtte frå alle. E-verket var berre velvilje da eg spurde om å få dei tomme kabeltromlane, naboane har stilt med heisekran og hjelp til å lage fundament for tårnet. Og mannen min har bolta og saga. Eg har stått og peika og fortalt korleis eg vil ha det, så har hjelparane gjort grovarbeidet, seier ho.

Og klarer ikkje å skjule kor glad ho er over at det endeleg vart kvit advent.

— Tenk at det kom snø! No er det berre deilig å vente på at jula skal starte for alvor.