Fjellformasjonen høgt over Ringedalsvatnet i Hardanger har i år fått rekordmange besøk.

— Det eksploderte då Trolltunga stod på framsida av eit turistmagasin i 2009, fortel Pelle Gangeskar, næringsrådgivar i Odda kommune.

10 000

I år har 14 000 bilar køyrt opp vegen frå Tyssedal til Ringedalsvatnet, fleire enn nokon gong. Om ein reknar to personar i kvar bil, er det opp mot 30.000 personar som har kome opp til parkeringsplassen ved vatnet, reknar han.

Mange av dei skal til hytter i området, men Gangeskar reknar med at i alle fall 10.000 personar har tatt den dryge turen opp frå vatnet til fjelltunga.

Tredobling

— Trolltunga er blitt som eit fyrtårn i Hardanger. I år har det vore ei tredobling i forhold til året før, seier Jostein Soldal. Han driv som turguide opp til toppen via sin eigen «Himmelstige». For berre tre år sidan var det knapt folk på den spesielle fjellformasjonen, meiner han.

Til himmels

For to år sidan vart marknadsføringa av Hardanger lagt om. Det skulle ikkje lenger vera eple, fjord og avslapping, men aktiv ferie i spektakulært landskap. Den nye kampanjen har hatt voldsom effekt, i følge Soldal.

— Eg ser folk koma reisande hit berre for denne turen si skuld.

Dei fleste tar den vanlege fjellturen på fem timar opp til Trolltunga. Soldal tilbyr sin eigen veg opp langs ein eigen stige i fjellsida.

Langt igjen

— På ein dag kan det vera tre eller fire hundre personar ved Trolltunga, men det er svært veravhengig, seir Soldal.

Det er likevel langt igjen til besøkstala frå preikestolen i Rogaland, der over 150.000 personar tar turen på eit år.

Neste år reknar turguiden med ny rekord i fjellet over Tyssedal. Forrige helg tok han siste turen. No ligg det snart snø på Trolltunga.

Sjå Himmelstigen og Trolltunga på denne Yuotube-videoen:

VIA FERRATA. «Himmelstigen» fører berre nesten til himmelen.
ROAR CHRISTIANSEN