Aker Kværner Stord har fått Research Institute of Stavanger med assistanse frå Universitetet i Bergen til å evaluera langpendlinga som rundt 5000 vestlendingar har gjennomført til Snøhvit-prosjektet i Hammerfest sidan våren 2004 og til Ormen Lange-utbygginga i Aukra i halvtanna år. Av 800 intervjua arbeidstakarar framhevar dei fleste den lange friperioden som positiv og familievennleg. Ordninga blir derimot ikkje opplevd som like attraktiv blant arbeidarane under 25 år.

Dispensasjon

14/21-rotasjonen (14 dagar jobb à 12 timar, 21 dagar fri) blei gjennomført for begge prosjekta etter krav frå dei tilsette. Aker Kværner sin plan var å gjennomføra 12/9-rotasjon (12 dagar jobb à 10,5 timar med halvannan dag fri midt i perioden, 9 dagar fri), og måtte ha dispensasjon frå Arbeidsmiljølova og LO for å etterkoma kravet frå dei fagorganiserte.

Dei intervjua har gitt uttrykk for at dei er blitt meir nøgde med 14/21-rotasjonen jo lenger dei har nytta seg av han. Dei yngste tykkjer friperiodane kan bli vel lange, og slit i tillegg med overgangen frå fri til jobb.

12 timars arbeidsdag har sine utfordringar, til dømes i form av lange periodar der sveisarar og røyrarbeidarar er utsette for gass og støv i arbeidstelt, viser rapporten. Om lag ein firedel av dei intervjua føler seg slitne mot slutten av arbeidsdagen.

Stressande reise

Ein del av pendlarane opplever arbeidsreisa som ei stressfaktor, særleg dei som reiser til Hammerfest. Reisa går med fly til og frå Alta, og med buss eller båt mellom Alta og Hammerfest.

Dei fleste nyttar den tre veker lange friperioden til rekreasjon, heim og familieliv. Men rundt ein firedel tar på seg bijobbar medan dei er heime.

Sjølv om jobbpendlinga til Finnmark og Møre og Romsdal har påført det organiserte idrettslivet i Sunnhordland auka utfordringar, har evaluerarane ikkje påvist store effektar av 14/21-ordninga på arbeidstakarane sine lokalsamfunn.