ARNE HOFSETH Meir enn 200 møtte opp då Lewis steig i land på brygga ved Sognefjord Hotel på Hermansverk i går. Aller fremst stod ordførar Olav Lunden med ei kommunal helsing.

Rundt 20 farkostar av ymse slag fylgde på kloss hald, på sjarmøretappen på rundt to kilometer inn mot Hermansverk. Ein dansk symjar slo fylje, men vart liggande sørgeleg langt bak. Då gjekk det betre med ungdommane som slo fylje frå den svarte staken like utanfor kaien. Lewis slo av på farten og fleire kunne symja attmed han. Silje Svanevik og Øyvind Gjerløw fekk takk for fyljet og eit minne for livet.

I dag passerar Lewis tinghusa på Leikanger. Fylkesmannen og staben får høve til å vinka frå vindaugo.

I morgon kan det bli minst like gild mottaking i Balestrand.

Lewis har mista tre-fire kilo av det ekstra feittlaget han åt på seg før start. Men har er framleis i uforskamma godt hald.

— Einaste problemet undervegs var ei vond skulder, men den har ein fysioterapeut tatt seg av, seier Lewis til Bergens Tidende.

Han vedgår at det ekstremt kalde vatnet inst i Lustrafjorden, og utanfor mange elveosar undervegs, framleis sit i kroppen, sjølv om sjøtemperaturen i går nærma seg 18-19 grader.

— Kor varmt kan det bli før du ikkje lenger kan kalla det symjing i kaldt vatn?

— Det manglar heilt klare reglar. Kanalsymjing i 18-20 grader vert rekna som kaldt. Dersom eg får mange dagar med meir enn 21-22 grader i vatnet, kan det kanskje bli eit problem, seier Lewis.

STORT OPPMØTE: Rundt 20 farkostar av ymse slag fylgde Londonadvokaten Lewis Gordon Pugh på kloss hald, på sjarmøretappen på to kilometer inn mot Hermansverk..<p/>FOTO: ARNE HOFSETH