• Folk er lei seg. Tilsette har kasta seg rundt halsen på kvarandre og grine, seier avdelingssjukepleiar Margun Thue.

Reaksjonane i Indre Sogn er svært sterke etter at Helse Vest har sett i gang gransking ved sjukehuset. Ikkje minst har det sett sinna i kok at dette blei gjort offentleg kjent rett før det var venta at helseminister Sylvia Brustad skulle gjere om vedtaket om å store kutt ved klinikken.

Lærdalsordførar Knut O. Aarethun sende i går eit brev til statsråden der han i sterke ordelag går i rette med Helse Vest. I brevet skriv ordføraren mellom anna at det er grunn til å spørje om Helse Vest bevisst har kasta ut ein «drittpakke» med negativ informasjon for å påverke ein politisk prosess dei fryktar utfallet av.

Pleiarane på ortopediavdelinga som tok lunsj i lag i går, seier folk er oppgitte.

— Vi hadde gleda oss til møtet statsråden skulle ha med styret i Helse Vest. Då dette kom i går, kjende vi det som vi blei avretta, seier Inga Gullaksen.

Den lokale støtta og skulderklapp frå pasientar hjelpte likevel litt. Fleire av dei sjukehustilsette fortel om at dei fekk telefonar i eitt sett torsdag kveld.

— Ein pasient vil gje oss ein sjekk på 1500 kroner. Vedkommande har sagt at det skal brukast av dei tilsette på sjukehuset. Slikt varmar, seier Torunn Husdal.

Støtte får dei også frå Gunn Mary Olsen frå Knarvik som i går var inne på kontroll. Ho blei operert 8. august. Med klar adresse til at fylkeslegen no er bedt om å granske om klinikken har drive utprøvande behandling, seier nordhordlandskvinna at ho aldri har kjent seg som ein forsøkskanin.

— Eg fekk eit eintydig råd frå fastlegen og fysioterapeuten eg brukte om å dra til Lærdal. Eg har aldri angra. Opplegget har vore utruleg bra. Eg er langt betre no enn før operasjonen, seier Olsen.

Organisasjonen Forsvar Lærdal sjukehus ventar rekordoppslutnad om fakkeltoget i ettermiddag.

— No er det større grunn enn nokon gong til å gå i fakkeltog. Eg ventar kjempeoppslutnad, seier leiar for sjukehusaksjonistane, Bente Øien Hauge.