I GÅR VEDTOK REGJERINGA å seia ja til den særs kontroversielle kraftlina Statnett vil byggja mellom Eidfjord og Samnanger. Ho kjem i konflikt med noko av det mest verdifulle av norsk fjordlandskap, som i andre samanhengar blir rekna som ein nasjonal verdi av ypperste klasse. Difor har motstanden mot lina vore så sterk – og omfattande – og engasjementet har strekt seg langt utover Hardanger-regionen.

BAKGRUNNEN for Statnetts konse-sjonssøknad er i hovudsak auka kraftbehov hos olje— og gassektoren utaskjers. Det er ein sektor som ville vera i stand til å finansiera ei delvis kabling av lina, slik Hardangeraksjonen først kravde. Det såg Statnett aldri som eit aktuelt alternativ. Ikkje Noregs Vassdrags- eller Energidirektorat (NVE) heller.

Seinare har det kome ei lang rekkje innspel frå anna hald, og det offentlege ordskiftet har verkeleg vore med på å opplysa saka. Det har vore høgst nødvendig. For når Bergens Tidende har gått kritisk gjennom saksbehandlinga til Statnett og NVE, viser det seg, i den grad vi får tilgang til sakspapira, at aktuelle alternativ ikkje er utgreidd. Det gjeld mellom anna Sauda-lina, spenningsoppgradering og eit såkalla SVC-anlegg.

STATNETT HAR FRÅ FØRSTE DAG ført eit einøygd defensorat for eigne løysingar. Alle kritiske innspel er avviste. NVE byggjer kritikklaust på Statnetts premissar. Statsråden har – trass i sterke protestar – valt å halda seg til eigne fagetatar. I sum er det då grunnlag for å seia at vedtaket manglar den legitimiteten eit så viktig vedtak er avhengig av. Difor kjem ikkje protestbølgja til å leggja seg.

Både BT og andre kritiske røyster har sterkt oppmoda statsråden om å søkja kunnskap, innspel og kompetanse frå alternative miljø. Dei er ikkje lette å finna innanlands. Fleire av dei BT kontakta bad seg fritekne fordi dei var avhengig av Statnett/NVE i sitt daglege arbeid. Difor rådde vi statsråden til å henta kunnskap utomlands. Det har han ikkje teke seg bryet med. Då blir det som Statnett og NVE vil.

ARBEIDARPARTISTATEN bygde opp og gjorde Statnett og NVE til tenlege reiskapar då landet skulle byggjast. Dei gjorde jobben sin. Men det er trist at vi ikkje anno 2010 har politikarar som kan frigjera seg frå ei traust og tradisjonell teknokrattenking som høyrer heime i ei anna tid. Det er her Arbeidarpartiet kjem til kort. Ein Sp-mann i statsrådsstolen gjorde i så måte lite eller frå. Like lite som SVs heftige protestar.

Men Arbeidarpartiet – og Raymond Johansen – trur åpenbart at dei har funne koden til å erobra Vestlandet.