Den eine vinnaren fekk dobbel toppvinst, nær tre millionar kroner. Den andre, ein mann i 60-åra, måtte greia seg med «berre» ein fulltreffar med sju rette og vel 1,4 millionar kroner.

Begge kupongane på Stord var leverte inn hos to ulike kommisjonærar i Sagvåg, som er kjent for millionvinnarar i Lotto frå tidlegare år.

Vinnarrekkja i går var 3, 13, 18, 22, 27, 29 og 33. Den unge Stord-mannen som blei nesten tre millionar kroner rikare i går kveld, hadde kryssa av for to gonger vinnarrekkja.

Norsk Tipping på Hamar hadde i går kveld ikkje fått kontakt med dobbeltvinnaren frå Stord. Den andre Stord-mannen sa til Norsk Tippings representant at han ønskte å vera anonym.

Dei andre Lotto-vinnarane i går var ei dame frå Stavanger, ein mann frå Egersund og ein mann frå Narvik. Den sjuande vinnaren er ein uregistrert person med ein kupong levert inn i Horten.

På Stord vann ein eldre mann i fjor sommar 2,3 millionar kroner i Lotto, sist haust gjekk ein Joker-vinst på 980.000 kroner til øya. For eitt år sidan vart ein Stord-mann dobbeltmillionær på Ekstra-spelet.