— Kom igjen! Berre fire stykk igjen. 7...8....9 og 10! Flott jobba, folkens!

Onsdag kveld i Leirvik MT sitt eige helsestudio i Aslaksvikjo: Bedriftssjukepleiar Nora Didriksen pressar den siste knebøyserien ut av treningsgjengen sin.

— Huff, dei svir. Men dei gjer godt, seier Willy Arntsen (64) om knebøyingane.

Agnes Fjeldtvedt (44) er samd. Begge har dei følgd treningane to kveldar i veka dei siste 12 åra.

— Det verste er å koma seg ut av godstolen, men det er herleg etterpå. Nora si trening er kjempegod, også mot vond rygg og stive skuldrer, seier lønn- og personalmedarbeidaren.

Arntsen og Fjeldtvedt er gode eksempel på hjørnesteinsverksemda sin nye kurs. For treningsviljen har ikkje alltid vore like stor. I 1994 var Leirvik MT - den gong Leirvik Sveis - på Stord ei tikkande helsebombe.

- Fare for hjarteinfarkt

— Sjukefråveret vårt er redusert med 15 prosent kvart år dei seinare åra. Korttidsfråveret vårt er no på 2 prosent og pila peikar absolutt rett veg, seier administrerande direktør Harald Karlsson.

Dette står i sterk kontrast til helsetilstanden i verksemda for tolv år sida. Bedriftslege Odd Winge sin statistikk frå 1994 syner at halve staben røykte. I tillegg sleit mange med høgt kolesterol og blodtrykk.

— Altfor mange gjekk gjennom kvardagen med fare for hjarteinfarkt, slag og blodåresjukdomar. Funna me gjorde var urovekkjande. Helsa var for dårleg og noko måtte gjerast, fortel Winge.

Dermed slo legen full helsealarm.

Har spart millionar

Tverrsnittundersøkinga førte til ein omfattande livsstilskampanje som inkluderte røykekutt, regelmessig mosjon og tilbod om personleg rådgjeving om kosthald til alle tilsette.

— Samstundes opna bedriftsleiinga for betalt trening på dagtid, fortel bedriftssjukepleiar Nora Didriksen.

Folk med fysiske plager har i dag høve til å rekvirera 24 timelange treningsøkter i arbeidstida - med løn og instruksjon. Med to økter i veka går dette over 12 veker.

— Det eine dreg det andre med seg, og i dag er me ei aktiv verksemd som tilbyr fotball, volleyball, badminton og symjing, seier ho.

Resultata har ikkje latt venta på seg.

— Sidan 1994 har snittalderen i verksemda stige med åtte år. Ein naturleg konsekvens hadde vore ein redusert helsetilstand. Hos oss har det motsette skjedd, seie bedriftslege Winge.

På 90-talet vart det brukt 200.000 kroner på eige helsestudio ved Leirvik MT. I fjor vart dette pussa opp og utstyrt for ytterlegare 160.000 kroner. Direktør Karlsson er ikkje i tvil om at alle helsetiltaka har bidrege til ei friskare verksemd, og kvir seg ikkje til å investera i staben.

— Alternativet er langt meir kostbart, ettersom det er verksemda sjølv som må betala rekninga for korttidsfråveret. Me har spart millionsummar dei siste åra.

Sjefen kutta røyken

Direktøren har sjølv hatt føling med hjarteproblem. Han er blant dei som har kutta ut røyken.

— Det er to år sidan eg tok min siste blås. I tillegg prøver eg å mosjonera regelmessig, seier han.

Odd Winge understrekar at det framleis er eit stort potensial i helsekampanjen.

— Talet på røykarar er rett nok redusert frå vel 50 prosent til 37 prosent. Framgangen er markant. Likevel ligg me godt over landsgjennomsnittet på rundt 25 prosent, men det kan gjerast noko med. Sjølv om helsenivået har fått eit markant oppsving, har me eksempel på alvorlege tilfelle av hjarte- og karsjukdomar blant dei tilsette dei siste 10 åra. Dei to viktigaste faktorane som spelar inn i denne samanhengen er arv og livsstil. Førstnemnde er vanskeleg å gjera noko med. Men livsstilen kan i høgste grad påverkast, seier Winge.

BLODSLIT: Bedriftssjukepleiar Nora Didriksen i Leirvik MT leiar treningsøktene på kveldstid to gonger i veka. Her krev ho 100 prosents innsats ¿ noko Willy Arntsen får merke.