Skipsdesignaren Rune Ødegård i Sandane er overtydd om at reisetida med snøggbåt mellom Bergen og Selje kan kuttast med ein time med eit trimarankonsept han har utvikla.

Treskrogsløysinga som Ødegård har fått gjennomført vellukka testar med, har i tillegg miljøvinst og gir ei meir behageleg reise, seier han.

— Berre tull, seier Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Høgare fart er kolossalt energikrevjande og aukar forureininga. Dagens snøggbåtmarsjfart på 30-34 knop bør heller reduserast, meiner Oddekalv, som snart er klar for sjøsetjing av sin nye katamaran «Miljødronningen». Ho skal gå med maksimalt 25 knop.

Kurt Oddekalv er og motstandar av lyntogprosjekta som er lansert. Det bur ein million menneske for lite på kvar side av Langfjella til at det kan svara seg, meiner han. Miljøkrigaren går i staden inn for omlegging av Bergensbanen for å få opp togfarten.

Miljøversting

Dagens snøggbåtar er miljøverstingar med eit CO2-utslepp per passasjerkilometer er høgare enn fly.

Trass i at trimaranteknologien som Rune Ødegård har utvikla oppfyller krav i Göteborg-avtalen og Kyoto-avtalen om reduserte NOx- og CO2-utslepp, har det ifølgje Sandane-ingeniøren vore påfallande låg interesse for konseptet blant norske ruteoperatørar.

— Det kan skuldast at dei manglar ambisjonar på teknologisida og incitament til forbetring av tilbodet til dei reisande, seier Rune Ødegård.

Incitamentmangelen tilskriv Ødegård dei konsesjonsgivande fylkeskommunane, som han hevdar lagar anbodsvilkår som er tilrettelagt gammal og lite miljøvennleg teknologi. Han etterlyser miljørekneskap for snøggbåtrutene.

Kjent i 11 år

I 11 år er det arbeidd med ein snøggbåtteknologi for passasjerfart basert på treskrogsfartøy. Modelltestar er gjennomført blant anna hos Marintek i Trondheim.

Rune Ødegård har presentert eit design for ein 40 meters trimaran med plass til 300 passasjerar. Fartsområdet blir 35 - 45 knop.

Med 42 knop kan dagens reisetid på nær fem timar med ekspressbåt frå Selje til Bergen reduserast med ein time. Reisetida Bergen - Stavanger kan kuttast med tre kvarter.

Båttypen treng ikkje større motorkraft enn dagens katamaranar som går ti knop saktare. Trimaranen får redusert drivstofforbruk og mindre utslepp trass 10 - 12 knops større fart, ifølgje Ødegård.