Og så emneved sjølvsagt, og ein kniv, men det hadde no alle. Dermed var dette eit attåtarbeid som mange kunne driva med, og det var noko ein kunne sitja inne i stova med vinterdagane. I Os vart dette ei stor næring.

Frå slutten av 1700-talet ser ein av gamle skifte at treskoverktøy var vanleg på gardane, og frå tidleg på 1800-talet ser det ut til at det var treskoarbeid i kvar manns stove. Både husbonden, sønene hans og drengene var gjerne med i dette arbeidet i tider på året då det var lite anna dei kunne få gjort. Mot slutten av 1800-talet vart det seld 80 000 par treskor ut or bygda kvart år. Marknaden var fyrst og fremst kystbygdene og Bergen.

Treskobruken attende

I mellomkrigstida vart det òg sett i gang fabrikkproduksjon av treskor fleire stader, mellom anna på Søfteland og i Hatvik. Her var det brukt kopieringsmaskin i staden for øks, skylpen var bytt ut med fres og navarane med elektriske borar. Dessutan var det fleire kloggefabrikkar i bygda.

Treskoen var i bruk alle stader, i fiskebåten, i gardsarbeidet, på verkstadgolvet og elles i dagleglivet. Ungane gjekk på skulen i treskor, ungdommane gjekk på dans i treskor og dansa på sokkeleisten. Treskoen var eit vanleg fottøy for mange osingar til i mellomkrigstida, jamvel om lerskoen sjølvsagt også var komen i bruk og bruksområdet til treskoen etter kvart vart redusert. Etter krigen gjekk det fort attende med treskobruken. Dei unge generasjonane tok aldri treskoen i bruk på same måten som dei eldre hadde gjort, og fram mot 1970 var treskograving i Os berre soge.

Treskoen får form

Til emne vart det oftast brukt furu, men til ”bestskor” vart gjerne svartolder brukt. Skor av older var ikkje så slitesterke, men lettare på foten. Emneveden skulle helst vera rå, då var han lettast å grava i. Skonummeret vart teke på augnemål, og emnet vart kappa til rett lengd. Det måtte ikkje gå material til spille. Det å hogga til treskoemna var teknikk, som så mykje anna. Enden på økseskaftet låg heile tida mot same punktet på høgre låret, då vart øksa ført i ei stødig rørsle og ein kunne hogga svært presis.

Fyrst vart emnet grovhogge til utvendig. Breidda måtte stå til lengda, botnen og hælen vart forma. Så vart emnet kilt fast i treskokrakken, og treskogravarane kunne ta til med skylpen. Ein skylp er eit noko stort, runda hoggjern. Den vart brukt til å ta ut den opne delen av skoen med. Deretter var det å bora hol fram gjennom tåa med treskonavaren, som så vart utvida med stuboren og treskoskjæra. For å sletta skoen på innsida og gjera han god å gå i var det gravejernet og slettejernet som vart brukt. Skoen måtte også slettast og gjerast ferdig på utsida. Då tok treskogravaren på seg ei bringefjøl, sette seg på krakken og stemde treskoen fast mellom låra og bringefjøla. Med ein bandakniv sletta han skoen på utsida, og til slutt var det litt finpuss og dekorasjon med tollekniven. Kvar og ein hadde sitt mønster, ”bumerke”, som gjorde at det var råd å sjå kven som hadde laga skoen.

Med sekk over fjellet

Etter at ruteferdsla var komen i gang, fyrst på sjøen og deretter på landjorda, gjekk treskotransporten med rutebåt og seinare med jernbanen eller lastebil. Før det var det å ro eller bera treskobøra på ryggen. Frå Hegglandsdalen gjekk dei gjerne over fjellet i Gjemdalsskaret, om Krokvatnet til Gåssand og Søfteland og så til Bergen, eller dei bar sekkene til sjøen på Lio eller Kilen og rodde til bydn. Frå Søfteland vil eg tru dei gjekk med lasta si, medan dei truleg rodde for det meste frå dei andre bygdene.

Den store fortenesta var det nok ikkje av det, men det var likevel ei viktig attåtinntekt for mange osingar. Nils Tveit nemner at det i 1920 framleis var 70 mann i bygda som laga treskor på gamlemåten. Han rekna at kvar mann laga 500 par for året. Prisen kunne vera ei krone paret, og då gjekk 20 øre til råemne. Ein treskogravar kunne etter dette reknestykket leggja 400 kroner året til inntekta si. Med kroneverdien på trettitalet var ikkje det uvesentleg.

Os var båtbyggjarbygda og rosemålarbygda, det veit alle, men Os var også treskobygda. Det er svært mange byfolk og strilar som gjennom tidene har gått rundt i treskor frå Os.

Kjelder:

Annanias Lien: ”Tresko og treskoarbeid”, artikkel i årsskriftet ”Osingen” 1987

Nils Tveit: Os soga, band 1

UTSTYR: Dette utstyret trengte en for å lage tresko for i tida.