Me ønskjer klesplagg som er produserte ved Salhus Tricotagefabrik til vår neste utstilling som opnar våren 2009 av tekstilkunstnar Maria Manuela Rodrigues.

Plagga kan vera godt brukte, det gjer ingenting. Har du ei underbukse, sokkar, undertøy, genser, varmedress eller anna som er produserte her, blir me glade om du sender den eller leverer den her på museet. Desse vil bli brukt i utstillinga.

Utstillinga er ein del av dokumentasjons— og kunstprosjektet Fordums kraft- nytt liv.

Industriminner i møte med vår tid i tilknyting Kulturminneåret 2009.

Me tar imot plagg fram til januar 2009.

Tusen takk for hjelpa!

Salhus Tricotagefabrik treng trusa di.
Ann Kristin Ramstrøm