Tekstilkunstnar Maria Manuela Rodrigues skal laga ei ny utstilling og eit nytt kunstverk på Norsk Trikotasjemuseum, og til dette treng ho mellom anna dine Krone Mako undertøy, skriv Norsk Trikotasjemuseum i ei pressemelding.

Det spelar ingen rolle om trusa er sliten eller god som ny, kunstnaren vil ha den likevel.

Museet ønskjer plagg som blei produserte på Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) til hennar kunstverk. Har du ei underbukse å avsjå?

Tysdag 11.11 klokka 13.00 kjem Maria Manuela Rodrigues til Norsk Trikotasjemuseum for å prata med tidlegare arbeidarar ved Salhus Tricotagefabrik.

Deira personlege forteljingar om livet på fabrikken og i Salhus vil ho bruka i sine kunstverk. Då vil ho også ha ei underbukse, så ikkje ver gniten.

Tekstilkunstnar Maria Manuela Rodrigues treng trusa di til utstillinga si. PRESSEFOTO