Bufetat (Barne-, ungdoms— og familieetaten) på Vestlandet treng ei rekkje nye familiar som kan ta på seg å vere fosterheim for krevjande ungdommar. Berre i området til Bergen er det behov for ti nye familiar. Tiltaksleiar Else Gerd Dugstad legg ikkje skjul på ta ho er skuffa over den bortimot totale mangelen på svar etter annonsekampanjen.

— At det er tungt å finne nye fosterheimar er eit tilbakevendande problem. Likevel er det lenge sidan vi har hatt eit så stort behov for å få nye familiar. Tidlegare har vi hatt suksess med å rekruttere gjennom ungdomsfamiliane vi har inne i systemet. Det spørst om det ikkje er den vegen vi må gå denne gongen, seier Dugstad til Bergens Tidende.

Familieorientering

Den veldige mankoen på fosterheimar for ungdom skuldast ikkje berre at det er fleire som treng plassering utanom heimen.

— Årsaka er først og fremst statens satsing på familieorientert omsorg framfor plassar i institusjon. Det er eit heilt klart signal om at denne måten å hjelpe vanskelegstilt ungdom skal prioriterast.

Dersom ungdommane ikkje får plass i fosterheim, vil alternativet oftast vere barne- og ungdomsinstitusjonar, i enkelte tilfelle også barne- og ungdomspsykiatrien.

— Erfaringar viser at for dei fleste er resultatet betre når dei unge får bu i ein familie enn på institusjon. I tillegg er fosterheim også langt billegare enn plassering på institusjon, seier Else Gerd Dugstad. Ho understrekar at institusjonane likevel er nødvendige.

I Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er det kring 150 fosterheimar som tek imot ungdommar som det er særleg krevjande å ha omsorg for. I denne typen fosterheimar drivne av staten, skil Bufetat mellom vertsfamiliar og ungdomsfamiliar. I vertsfamiliane bur dei unge anten på hybel eller i eit kjellarhusvære i familiens bustad. I ungdomsfamiliane skal dei unge integrerast sterkare i heimen.

Ingen kompetansekrav

Bufetat stiller ingen formelle kompetansekrav for at ein familie skal kunne bli verts- eller ungdomsfamilie.

— Vi vurderer alltid om familiane er eigna, og alle må gjennom ein opplærings- og godkjenningsprosess. Vi krev også at det må vere to vaksne. I ungdomsfamiliar blir ein av dei to vaksne frikjøpt frå anna arbeid for at dei skal få høve til å følgje dei unge opp så tett som råd, seier førstekonsulent Lillian Reigstad. Ho har fungert som rettleiar for fleire ungdomsfamiliar. Før endeleg plassering i ein fosterfamilie, dreg ungdommane på fleire besøk til den aktuelle ungdomsfamilien.

— Både ungdommen og familien har rett til å seie nei. Det er svært viktig at kjemien stemmer mellom dei unge og familiane dei skal busetjast i, seier Reigstad.

Tiltaksleiar Else Gerd Dugstad meiner dei no må vurdere andre metodar for å rekruttere nye familiar.

— Vi ser vel dette som eit lite teikn på at folke er opptekne av seg og sitt.

— Betyr det at folk i velstands-Norge er lite opptekne av å hjelpe andre?

— Nei, vi opplever at når vi først får rekruttert inn familiar blir dei veldig ivrige og engasjerte. Vi trur nok også dette har å gjere med at vi er lite kjende.

Apneseth, Oddleiv