Det skriv fylkeslegen i Hordaland i Helse- og Sosialmeldinga for 2006.

Folketalsutviklinga tilseier at det stadig blir fleire og fleire som treng omsorgstenester. Talet på personar med demens vil stige. Det er venta ein auke i talet på eldre med alderspsykiatriske tilstandar.

- Det er særleg gruppa eldre over 80-85 år som veks. Dei er sjukare og treng meir pleie og omsorg. Det er heilt klart at oppgåvene kjem til å auke i tida framover, seier assisterande fylkeslege Svein Hindal.

Personar under 67 år med nedsett funksjonsevne og kronisk sjukdom vil trenge andre tenester enn dei gamle. For å møte utfordringane og mangfaldet i medisinske tilstandar, blir det større behov for meir og breiare kompetanse og differensiering i tenestetilboda i kommunane.

- Samstundes ser vi at sjukehusa i større grad sender heim pasientar tidlegare enn det som var vanleg for berre ti år sidan. Det gjer at belastninga på dei kommunale tenestene blir større, seier Hindal.

Kvalifisering av tilsette og rekruttering av nye fagfolk blir avgjerande for å møte behovet for tenester.

- Vi treng fleire hjelpepleiere, sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar.

I tillegg er det behov for ei styrking av legetenesta, både i open omsorg og i institusjonane, seier Hindal.

- Heile fagfeltet geriatri treng ei styrking. Ikkje minst med legespesialistar. Vi har nesten ikkje geriatere i Hordaland. Det er svært ønskeleg å få eit sterkt fagmiljø som kan bidra med forsking og fagutvikling innan dette området, seier Svein Hindal.

I tillegg til fleire fagfolk, kan det vere behov for kompetanseheving blant dei som allereie arbeidar i sektoren.

Hindal understrekar at det er store variasjonar frå kommune til kommune og frå institusjon til institusjon.