Voss brannvern er blant dei som kan løfta tungt og har kompetanse på jernbane.

– Vi er gode på fjellredning. Vi har Hardangervidda som nærområde, men skjer det noko alvorleg på jernbanen, må vi ha hjelp utanfrå, seier, Dag Botnen, leiar i Hallingdal brann— og redningsteneste IKS (interkommunalt samarbeid).

**Les også:

Storøving på Bergensbanen**

– Det er ålment akseptert at vi i eit land som vårt ikkje kan ha alle slags ressursar alle stader, seier leiaren for den lokale brann— og redningstenesta i Hallingdal.

Lokal leiing

På Haugastøl var han øvste leiar for den store redningsøvinga torsdag, og hadde brannsjefane i landets to største byar under seg i organisasjonen. Slik ville det også vore ved ei verkeleg ulykke.

Prinsippet er heilskapleg innsatsstyring (EIS) under mottoet ansvar, nærleik og likskap.

Den lokale sjefen vert ikkje dytta til side fordi om storkarar som brannsjefane Helge Eidsnes i Bergen og Jon Myrold-haug i Oslo dukkar opp. Dei får plass på trinnet under i organisasjonen, som leiarar for kvar si avdeling.

Eidsnes styrde planavdelinga og Myroldhaug operasjon. Elles har organisasjonen avdelingar for logistikk, informasjon og HMS (helse miljø og tryggleik).

LOKAL SJEF: Dag Botnen var øvingsleiar på Haugastøl.
Arne Hofseth