Og rektoren ved Kaupanger skule er nøgd med ordningane han har tilkjempa seg.

– Korleis kan slikt ordnast når ein må forhalda seg til offentlege budsjett?

– For det første søkjer denne skulen på likt og ulikt av prosjekt som gir klingande mynt frå stat, fylke og andre kjelder enn kommunekassa. Vi har no fire prosjekt gåande. Kunsten kjøper vi for pengar andre brukar til reparasjonar etter hærverk. Og vi har fått gjennomslag for at kommunale pengar som ikkje blir brukt eitt år, kan overførast til neste.

– Kva utslag gjer det?

– Vi slepp å kjøpa skrap for pengeslumpen som er att rett før årsskiftet, men kan spara til vi får råd til å kjøpa kvalitet, seier Navarsete.

Kvalitet er eit nøkkelord for han. Kvalitet gir respekt. Han viser stolt fram elevkantina med skinnsofa etter skinnsofa utover. Ikkje ei einaste flenge er å sjå. Kvart fjerde år er alle lærarane på utanlandstur for å skaffa seg fagleg påfyll.

– Kvifor går rådmann, ordførar og andre folkevalde med på dette?

– Fordi fleire av dei har røynsle frå næringslivet. Dei innser at det fremjar usunn forbrukskultur om dei som er varsame med pengebruken skal straffast med mindre pengar på neste budsjett.