— Sist år fekk vi 130.000 telefonar frå folk som slit med psykisk smerte. Det er ein auke på 20.000. Pågangen er så stor at vi ikkje greier å ta unna alle, seier generalsekretær Nora Blaasvær. Organisasjonen hadde landsmøte i Bergen i helga, og ein av konklusjonane var at dei må bli fleire.

— Vi har i dag 1200 frivillige fordelt på 13 senter rundt om i landet som tek imot telefonane. Det er ikkje nok. Vi treng fleire vanlege medmenneske som orkar å lytte til andres smerte, seier Blaasvær. Kirkens SOS-telefon har status som eit sjølvmordsforebyggande tiltak, og blir finansiert av Helsedepartementet.

— Dei som er interessert i å bli med gjennomgår eit kurs med opplæring i å møte folk i krise over telefonen. Dersom dei kjem igjennom dette og er interessert i å bli med vidare, byrjar dei som medarbeidarar, seier Blaasvær.

Telefonen er open døgnet rundt, og dei frivillige går eit par vakter i månaden kvar. Kirkens SOS i Bjørgvin er organisasjonens største og mest aktive lokalavdeling, og har kontor på Kalfaret. Det er også der medarbeidarane sit og tek telefonen.

— Ein krisetelefon er ofte ein livstråd for desperate menneske. Den anonymiteten ein slik telefon gir har vist seg å fungere godt for mange, seier Blaasvær.