• Skal det bli fart i rassikringa av vegnettet, trengst det konkrete, øyremerkte pengar. Det må vera politisk vilje til å gjera noko utover det ordinære, seier Lars Lefdal til Bergens Tidende.

Vegsjefen i Sogn og Fjordane har også fartstid som stortingsrepresentant. Han vedgår at alle utspela til no har vore mykje skrik og lite ull. Pengar har vore flytta frå ein budsjettpost til ein annan, og berre gitt inntrykk av ei satsing på rassikring.

— Det er trasig at det må ei dødsulykke til for å få spørsmålet på dagsordenen, seier Lefdal.

Han viser til at pengane kjem frå same sekken. Ofte må vegane leggast i tunnel forbi rasa, og då blir det fort hundre millionar kroner både her og der. Dette skal vurderast opp mot andre tiltak. Nokre stader har dei ikkje veg i det heile.

Proritering er problematisk også i Hordaland. Dei aller fleste rasområda ligg i indre strøk av fylket. Men 16 av dei 17 på Hordalandsbenken i Stortinget kjem frå kystkommunane, og Lars Sponheim har nok med å halda Venstre over sperregrensa.