Ansok leia den åtte mann sterke gruppa som i 1993-94 laga landets første rassikringsplan.

— Å sikra hundre prosent er umogeleg. Då må vi alle flytta inn i fjellet, og kanskje er det ikkje heilt trygt der heller, seier Ansok til Bergens Tidende.

Ikkje håplaust

Planen som Ansok la fram i mai 1995 peika på 210 rasområde. I den reviderte planen som kjem seinhaustes i år, er det nær 400 punkt med.

— Blir ein ikkje motlaus av at talet på uløyste oppgåver aukar, trass det arbeidet som faktisk er gjort desse åra?

— Nei, ikkje motlaus. Prøver vi å sikra kongeriket heilt mot ras, vil vi fallera. Men det er ikkje håplaust å gjera vegane vesentleg tryggare, seier Ansok, som har fyljande forklaring på auken frå 210 til 400 raspunkt:

Første i sitt slag

— Planen som vi la fram i 1995 var den første i sitt slag. Vi var usikre på kor høgt vi skulle legga lista, og brukte gjerne eit for grovmaska nett. I seinare planar har andre fylke teke med rubbel og bit. Den reviderte planen for Hordaland får eit meir finmaska nett, fortel Ansok.

Han peikar også på at skikkeleg store rassikringsoppgåver rett og slett var for store til å koma med i 1995-planen. Ombygging av Åkrafjordvegen er i røynda ei einaste lang rekke av rassiktringstiltak, men kom løyvingsteknisk inn under ordinær vegbygging.

Like dyrt i S & Fj

Vegkontoret i Sogn og Fjordane sin rassikringsplan er laga i januar 1997.

Planen tek for seg 646 rasområde. Av desse ligg 376 på 25 riksvegruter og 270 på 47 fylkesvegar. Alle kjende typar ras er representert.

Samla kostnad vart den gongen rekna til om lag 1,7 milliardar kroner.

— Med justeringar for prisauke og litt lengre rasoverbygg enkelte stader, er eg redd vi når opp i to milliardar kroner også i Sogn og Fjordane, seier vegsjef Lars Lefdal til Bergens Tidende.

Fakta/vegsikring

  • Snøskred fører til dei fleste og lengste vegstengingane. Skreda kjem gjerne i samband med sterk vind og støre nedbørsmengder.

Ordet mjølskred blir brukt om snøskred med høvesvis lite, tørr og lett snø, men som likevel har kraftig trykkbylje framfor seg.

Store skred losnar gjerne 800 meter over havet, eller høgare, og vegen kan berre sikrast med tunnel eller ras-overbygg.

Småskred og kramsnøskred losnar gjerne frå mindre høgder og kan sume stader sikrast billegare med breie grøfter og vollar.

  • Sørpeskred vert utløyst når store nedbørsmengder fell på eit minst halvmetertjukt snølag. Skreda vert gjerne utløyst i bekkefar, som dei fyljer ned mot vegen. Ofte blir bekkefaret utvida og «renn over» slik at sørpa grev ut nye far. Kan sikrast med tunnel, overbygg eller terrengtiltak.
  • Isnedfall kjem helt når det vekslar mellom kulde- og mildvêrsdagar. Vegen vert sjeldan heilt stengd, men isen er fårleg for trafikantane og eit problem for ryddemannskap. Vanlegaste tiltak er grøft og netting.
  • Steinskred og steinsprang kjem av forvitring i fjellet ovanfor vegen og i skjeringar. Stein kan koma heile året, også midt på sommaren, oftast i større temperaturomslag når det er mykje vind og nedbør. Steinen er det vanskeleg å sikra seg mot, om ikkje heile vegen vert lagt i tunnel. Men steinsprangnett og vollar er effektive der fallhøgda er låg og steinane ikkje for store.

Førebyggande sikring er nedrensking av laus stein med spett og høtrykkspyling.

  • Flaumskred fyljer av stor vassføring i bekkar og elvar. Vatnet riv med seg så store mengder jord og stein at vegane vert skadde eller sperra. Aktuell sikring er å bygge basseng ovanfor vegen, og auka dimensjonen på stikkrenner og høgda på bruer.