— Vegen er i ferd med å veksa ut av dressen sin, seier Arnfinn Ansok i Statens vegvesen.

Den tidlegare distriktsvegsjefen har no teke fatt på E16, og fått Lars Chr. Stendal i Jernbaneverket med på laget. Vegfolk og jernbanefolk stikk hovuda saman for å finna ein veg ut av uføret.

Sprengjer prognosar

På heile strekninga mellom Bergen og Vinje på Vossestrand har trafikken auka langt over alle prognosar dei siste åra, fortel Ansok.

På Vinje tek riksveg 13 av mot Myrkdalen og Vik i Sogn. Ansok trur at den omfattande bygginga av hytter, fritidshusvære og skianlegg i dette området er ein del av forklaringa på trafikkauken.

Samordning

Ein tredel av E16 vest for Filefjell ligg i tunnel. Mellom Arna og Voss er vegen mange stader inneklemt mellom jernbana og stup mot fjorden.

— Vi har ikkje mykje olbogerom, seier Ansok.

  • Er oppskrifta den same gamle; jernbanen flytter lengre inn i fjellet og bilvegen overtek og utvidar jernbanesporet?
  • Det er meir sannsynleg med nye løp for begge partar, seier Ansok.
  • Felles planlegging kan også auka tryggleiken for begge. Vi kan få tilkomst mellom veg- og jernbanetunnel, i tilfelle stogg i trafikken og evakuering, stemmer Stendal i.

Skavankar

E16 mellom Bergen og Voss er blitt til over lang tid. Nokre tunnelar var nye ved vegopninga først i 1991, andre er eldre, nokre mykje eldre.

  • Skavankar har meldt seg. Vi skiftar og oppgraderer nokre element, medan det halvgode lever vidare, inntil det meir eller mindre ramlar ned nokre år seinare. Dette vert puslete, og ein altfor spinkel medisin til ein skrøpeleg pasient, seier Ansok.

EU-frist

Statens vegvesen har frist til 2019 med å rusta opp alle norske tunnelar på det internasjonale vegnettet (TERN) som er meir enn 500 meter lange.

  • Det blir tunge tak. Vi treng meir pengar enn dei skvettane vi har fått til no, seier Ansok og minner om at rundt 500 av landets 1000 vegtunnelar ligg i Region vest.

Fleire av tunnelane er så dårlege at Ansok kvir seg for å reparera dei.

  • Når du tek fatt på slikt, veit du aldri kva som kan ramla ned, kommenterer han.

I staden vil han sprengja nye tunnelar, og oppretthalda såpass standard på dei gamle at dei kan nyttast i naudsituasjonar og ved andre stopp i trafikken.

Småpengar

Jernbaneverket slit også med variabel infrastruktur. Vossebanen har tunnelar der toga kan køyra 140 kilometer i timen. Nokre svingar har fartsgrense 40, og andre stader er det innført saktekøyring med 30 km/t.

  • Strekningane med låg fart er heldigvis korte, og mykje kan vinnast for små pengar ved målretta innsats, seier Stendal.

Han ser fram til samarbeidet med Statens vegvesen, og har funne pengar til eit forprosjekt i 2011. Det same har Vegvesenet. Dei ser for seg at konsekvensutgreiinga for Arna - Boge kan ta til i 2012.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa helsar samarbeidet mellom dei to etatane sine velkomen.

  • Dette går rett inn i diskusjonen i departementet og for så vidt også i Stortinget, seier statsråden og minner om ei tilsvarande samordning ved Mjøsa.

Kva meiner du må gjerast med vegen og jernbanen til Voss? Sei di meining i kommentarfeltet nedafor.