Likevel er ein ikkje garantert heilt rastrygge vegar.

Tiltaka varierer frå lange tunnelar til reinsking og oppsetting av rasgjerder.

Kostnadane ligg om lag på same nivået i Sogn og Fjordane. Her er rassikringsplanen under revisjon.

— Siktemålet er å laga ein sams plan for heile regionen. Arbeidet er i gang både i Sogn og Fjordane og Rogaland. Vi skal bruka same leisten som den nye planen for Hordaland, men gjerne legga enda meir arbeid i kostnadsrekninga, seier overingeniør Kjell Kvåle ved regionvegkontoret på Leikanger til Bergens Tidende.

Han finn ein samla plan for alle tre fylka som naturleg etter at Vegstellet vart inndelt i regionar. Vegar som E39 og riksveg 13 går gjennom alle tre fylka, og kan vurderast samanhengande.

I løpet av dei tre åra 2000-2002 vart det i Hordaland registrert 1343 ras av ulike slag. Av dette var 734 steinsprang, 299 snøskred, 227 isras, 42 jordskred/lausmasse, 24 sørpeskred og 17 flomskred.

2001 framstår som det verste rasåret av dei tre, men Vegstellet er redd for at det først og fremst skuldast slapp rapportering dei to andre åra, særleg 2000.

Tiltaka er prioritert i tre kategoriar, etter ei vurdering av kvart enkelt prosjekt, der det er lagt vekt på trafikkmengd, rasfaktor (breidde på raset, og kor ofte det går), omkøyringstid, stengingsfrekvens, særskilt trafikk, naboras og om raset stenger ein stamveg.