I ein liten treningssal på SiB Årstad har 14 unge menneske, som alle har vore ramma av kreft, samla seg for å trene saman. I dag er det treningsforma crossfit som skal testas ut.

Nokon i gruppa møttest fyrste gong på sjukehus under kreftbehandling for nesten 30 år sidan. Andre er nye fjes som søkjer fellesskap og fysiske utfordringar.

Stig Fjeldsbø har kjempa og vunne kampen mot blodkreft tre gonger i løpet av sitt 35 år lange liv. Fyrste gong var han berre seks år. No er han med i prosjektgruppa som står for den nyoppstarta «Sjukt sprek»-gruppa i Bergen.

— Nokon er flaue over å vera avmagra, tjukke, mangle hår eller kanskje ei hand. Her spelar det inga rolle korleis du ser ut, seier han.

Det er 17 år sidan Fjeldsbø fekk beinmergstransplantasjon, men han slit framleis med etterverknadene frå kreften, og er i dag kronisk lungepasient.

— Dette er ein genial måte å kunne hjelpe andre kreftramma på. Me som har vore sjuke lenge eller gått gjennom ulike behandlingar kan dela erfaringane våre og svare på spørsmål andre måtte ha.

Vanskeleg å ha kreft som ung

Intensiteten er høg under delar av styrketreninga, men alle øvingane kan tilpassast dei ulike nivåa i gruppa. Nokon trekkjer seg i periodar ut på sidelinja. Det er det rom for.

Etter kvart som temperaturen stig og raudfargen breier seg i kjakane hjå deltakarane, aukar også heiaropa, applausen og oppmuntringane frå sidemannen. Nokon får eit klapp på skuldra, andre ein klem.

— Me pratar saman som om me har kjent kvarandre heile livet, sjølv om me berre har møttest tre gonger før, seier Anette Bratten Michelsen om gruppa.

Ho gler seg til kvar torsdag, og mykje av grunnen ligg i det sosiale.

— Det er ikkje lett å vera ung og ha kreft. Her treffer du andre i same båt, og me har utvikla eit sterkt samhald allereie, seier Michelsen.

Ho fekk underlivskreft i november 2012, og blei operert månaden etter. No er ho friskmeldt, men opplever at sjukdommen har endra tenkjemåten hennar.

— Livmorhalskreft er eit tabu. For mange vil berre det å møte opp på eit tiltak som dette vera ein stor prestasjon, men me gjer det likevel. Alle her er vant til tøffe tak og å måtte stå på. Kreften gjer til at set meir pris på livet no enn før, og eg vil gjera mest mogleg ut av det, seier Michelsen.

Felles motivasjon

Musikken ebbar ut og slitne, men nøgde deltakarar set seg i ein ring for å tøye ut, prate og eta frukt.

Her kan ein dele erfaringar, og nye planar vert lagt for tida framover. Forma og kvar i opptreninga ein er, varierer, men ein ting er felles.

— Nøkkelordet er raskare rehabilitering. Nokre her er vane med å trene, andre ikkje. Uansett har me godt av å halde oss i form og trene opp kroppen etter det den har vore gjennom, seier Stein Magne Aksnes.