Gymnastikksalen ved Trudvang skule er delt i to. Eine halvparten av fjerdeklassen spelar kanonball.

— Kom igjen!, gaular ein liten sogndøl. Han står trippande på baklinja, skoten. Greier knapt vente på sin sjanse til å skyte seg inn att. Resten av klassekameratane spelar hockey, sitjande på rullebrett. Intensitet og lydnivå er ikkje mindre der.

— Eg er i betre form. At vi er så aktive, gjer at eg får lyst til å vere i aktivitet heile tida, seier Nora Målsnes Veum (9).

Profesjonell testing

Nora og 124 andre elevar ved barneskulen i Sogndal sentrum er med på eitt av dei mest spesielle forsøksprosjekta i norsk skule. Over ein periode på to år skal elevane ha minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste skuledag, utanom friminutta. Ein annan stad i Sogn og Fjordane ligg kontrollskulen. Dei følgjer det vanlege opplegget for dette klassetrinnet, to timar kroppsøving i veka.

I Høgskulen sine testlaboratorium i Sogndal blir elevane frå begge skulane profesjonelt testa. Før dei kjem inn i prosjektet og når dei sluttar blir dei testa for fysisk form, beintettleik, blodtrykk, midjeomkrins, vekt og høgde. I tillegg blir det teke blodprøver for å undersøkje insulin, kolesterol, blodfeitt og fastande blodsukker.

— Vi har testa kondisjonen deira på tredemølle. Dei sprang seg heilt tomme. Mange var så slitne at dei ikkje greidde snakke etterpå. No lurer dei på om dei ikkje kan få prøve seg på tredemølla att, seier Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Prosjektet «Verknad av dagleg fysisk aktivitet i skulen» er ein del av hans doktorgradsarbeid.

Med liv og lyst

Det primære med forsøket i Sogn og Fjordane er å sjå kor effektivt ein klokketime aktivitet har på fysikken til 4.- og 5.-klassingane. Bakgrunnen er sjølvsagt fleire ulike studiar som indikerer at barn og unge er mindre fysisk aktive og i dårlegare fysisk form, og at vekta går opp.

Førebygging er ein av pilarane aktivitetsprosjektet i Sogndal kviler på. Opptakten til mange kroniske tilstandar i vaksen alder skjer i tidleg barndom. Strategiar for å førebyggje bør difor starte så tidleg som råd i livet.

— Vi ønskjer at barna skal få eit betre forhold til sin eigen kropp. Klarer vi det, kan vi kanskje hindre at dei kjem i den store gruppa som får helseproblem på grunn av livsstil. Det er i denne aldersgruppa vi må ta tak i ungane for å få dei til å endre livsløpet sitt, meiner doktorgradsstipendiat Resaland.

Han legg stor vekt på at aktivitetane skal vere lystbetonte. Elevane skal finne glede i å vere fysisk aktive.

— Det er mange som har dårlege minne frå gymtimane på skulen. Vi vil at alle skal oppleve dette positivt.

Kortare timar

For å få skuledagen til å gå hop, har dei to klassestega fått timane korta ned til 40 minutt. Nokre friminutt er reduserte, og inngår i den fysiske aktiviteten.

— Skulen tek tid frå alle fag for å få gjennomført prosjektet, seier rektor Aud Marion Larsen.

— Går dette utover det faglege?

— Det blir noko av det som blir svært spennande å sjå. Dette er vanskeleg å dokumentere, men vi meiner å sjå at elevane er meir motiverte for teorifaga. Vi kjenner vel det slik at trivselen er blitt større.

Det meiner også kontaktlærar Tore Wergeland.

— Eg er overtydd om at den tida som går vekk fordi elevane er meir aktive, tek dei att på å vere meir konsentrerte. Men det vi også gjer er å integrere skulefag i aktivitetane.

Rektor Aud Marion Larsen meiner når Trudvang greier å leggje til rette for så stor aktivitet, kan alle skular.

— Trudvang har rundt 350 elevar og for liten plass i utgangspunktet. Vi får det til ved å leggje opp til svært mange uteaktivitetar.

Gymtimen er over. Etter ein kort pause for å ete frukt, er det tilbake til den tradisjonelle klasseromsundervisninga.

— Det er veldig annleis på skulen i år. Vi går mykje meir på tur, no når det har vore is har vi spelt ishockey, vi spelar fotball. Vi er mykje meir ute. Det er kjekt, fortel Nora.

ODDLEIV APNESETH
KLAR FOR AVKAST:Kanonball påtimeplaneni Sogndal. F.v. KarlAndre Lerum Lund,Line Vedvik, NoraMålsnes Veum,Tom Wergeland(lærar), Ole GurvinGurigard, EirikGurvin og TrineSkjeldestad Hove.
ODDLEIV APNESETH
KANONBALL: Nora Målsnes Veum prøver å unngå ballen Ole Gurvin Gurigard kastar, bak læraren Tom Wergeland.
ODDLEIV APNESETH