– Dette er ei reinvasking av Amundsen, seier hans advokat, Tor Erling Staff, til Firdaposten.

Kvinnene gjekk til søksmål for å få er-tatning for skader dei meinte Amundsen hadde påført dei. Deira advokat, Knut Gunnar Brindem, avviser at dette er ei frifinning:

– Klientane mine fekk utbetalt ein forsikringssum, og det er hovudgrunnen til at anken til Gulating lagmannsrett blei trekt. Vi valde å ta i mot forsikringssummen og droppa anken, fordi vi ikkje såg nokon grunn til å få dobbelt opp i oppreisningserstatning.

Amundsen er fråteken lisensen til å drive som psykolog. Staff meiner klagene frå dei tre kvinnene var vesentlege for avgjerda, og at det no kan vere grunnlag for å reise krav om at Amundsen får autorisasjonen tilbake.

– Eg vil gjerne føre denne saka vidare, seier Staff.