Laurdag posta Kjetil R. Johansen eit innlegg på Facebook der han mellom anna skreiv: «— Feite mannfolk er det jævligste som finnes, det oser av selvforakt»

Innlegget var fanga opp av bt.no og skapte stor merksemd og diskusjon i media.

— Har søkt fritak

Kjetil R. Johansen jobbar som sjukepleiar og er folkevald for Frp i Kvinnherad i Hordaland.

— Ja, eg kan stadfesta at han levert ein søknad om fritak frå verva sine, seier gruppeleiar i Kvinnherad Frp, Ole Torbjørn Holmedal, til bt.no.

Johansen er varamedlem for partiet både i kommunestyret og i to komitear; helse og undervisning. Han vart valt inn ved kommunevalet, i 2011.

- Hinsides lang lenger

- Kva meiner du om saka?

— Den er blåst ut av alle proporsjonar. Dette er ei fillesak. Ein finn innlegg kvar dag på nettet og på Facebook som er går hinsides langt lenger enn dette. Hadde han ikkje vore varafolkevalt for Frp, så hadde det neppe vore interessant for journalistar i Bergens Tidende, TV 2 og VG, seier Holmedal.

- Meiner du det at Johansen er sjukepleiar betyr noko for merksemda?

— Eg opplever det som problematisk at ein politikar ikkje har rett til eit privatliv. Om han er oljearbeidar, sjukepleiar, bilmekanikar eller journalist, kva skilnad gjer det. Eg er redd dette kan føra til vanskar med å rekruttera folk til politikken, seier Holmedal.

Kva meiner du om utspelet om feite mannfolk?

«TID TIL Å SNU»: - Ingen våkner en morgen og oppdager at de plutselig er blitt 140 kilo. Man har rimelig god tid til å snu før man når kanten av stupet. Og menn kan ikke skjule seg bak graviditet og det enkelte kvinner opplever, at det bare blir noen kilo ekstra, sa Kjetil R. Johansen, lokalpolitiker for Frp i Kvinnherad, i et intervju med bt.no tirsdag.
PRIVAT