— I år vil me prøva ein ny vri. Me innfører same praksis som elveeigarlaget i Alta, seier fjellstyreleiar Johnny Vikne til HF. Rundt 250 innanbygds jegerar har søkt jaktkort på villrein i Odda i år. Tidlegare har fjellstyret trekt i ro og mak, før dei har offentleggjort listene, slik Ullensvang og Eidfjord framleis gjer det. Kortet vert skrive ut med ein gong, og det krev at vedkomande har med seg godkjend skyteprøve.

— Me krev elles personleg frammøte av søkjaren sjølv, eller ein han har gitt fullmakt til. Dersom det ikkje skjer, trekkjer me berre ein ny, seier Vikne.

— Poenget med denne ordninga er at alle får vera med og kontrollera, at det vert litt show og at me får trekt ut alle korta 26. juli, og vert ferdige med det. Me trur også at jegerane vil setja pris på litt sosialt samvere, med gratis kaffi og noko å bita i.