No er det ikkje slik at samferdsleministeren åleine kan avgjera at Hardangerbrua vert verande i Stortinget, der Bondevik II-regjeringa la ho frå seg i sitt siste statsråd 7. oktober. Formelt er det regjeringa som må avgjera dette. Bondevik-regjeringa let etter seg ei rad med saker som det avgåtte Stortinget ikkje fekk tid til å handsama. Ved regjeringsskifte er det rutine at den nye regjeringa tek eit oversyn for å avgjera om det finst saker der som bør gjennomgåast på nytt.

— Hardangerbrua er ei av sakene som skal vurderast på denne måten. Sjølv har eg ikkje noko ynskje om å trekkja attende proposisjonen, og eg reknar ikkje med at regjeringa vil gjera det heller. Min posisjon er den at Hardangerbrua no skal handsamast på vanleg måte i Stortinget. Og eg reknar med at Jens Stoltenberg vil lytta til mi meining i denne saka.

— Dersom det skal gjerast endringar i høve til den framlagte proposisjonen om Hardangerbrua, reknar eg med at det kan skje i Stortinget. Og det same gjeld for Bergensprogrammet, seier Navarsete.

Navarsete representerer Senterpartiet, der lokaldemokrati og regionalt sjølvstyre vert halde høgt i hevd. Ho har site både i Sogn og Fjordane fylkesting og i Vestlandsrådet. Ho har med andre ord fyrstehands kunnskap om korleis vegsaker i vest ofte må kjempast fram i årelang strid til endelege vedtak

Respekt for lokale vedtak

— Eg har den haldning at vi skal lytta til regionale, folkevalde organ. Det er viktig å ha respekt for lokale prioriteringar, seier ho.

Denne grunnhaldninga var det som fekk Liv Signe Navarsete til å setja Dalsfjordbrua i Sunnfjord attende på plankartet.

— Dalsfjordbrua var prioritert av fylkestinget i Sogn og Fjordane, men Vegdirektoratet sette det til sides. Dei meinte at det var sett av altfor lite startmidlar til prosjektet.

Navarsete ser klåre parallellar mellom Dalsfjordbrua og Hardangerbrua.

— Der er det og klåre, lokale vedtak. Dessutan har det vore så mange rundar i denne saka. Slikt tek også på kreftene. Men no i det siste har eg vore på to vegopningar, ei i Østfold og ei i Troms. Der har eg fått sett kva eldsjeler kan få til når dei står på og ikkje gje seg.

Stamvegen går om Lærdal

— Kva er di haldning til vegtunnelar på Rv. 7 over Hardangervidda?

— Eg ser det slik at Hardangerbrua er eit prosjekt for Hardanger. Byggjer vi brua, betyr ikkje det automatisk at vi satsar på ein vintersikker veg over Hardangervidda. I alle fall må vi fyrst ta ein grundig diskusjon på korleis vi skal organisera transporten aust-vest. Men den vintersikre stamvegen mellom Vestlandet og Austlandet finst i dag, gjennom Lærdalstunnelen. Arbeidet med å byggja god veg gjennom Lærdalsdalen går sin gang. Det vert og arbeidd med planar om vidare utbygging frå Borlaug opp til Fillefjell. Det er viktig, for der er det mange ulukker.

— I Hordaland spør mange seg no kvar Jondalstunnelen har vorte av. Veit du det?

— Der har eg bede fagfolka mine om ei oppdatering.

Seinare enn planlagt?

— Dei raud-grøne partia står bak stortingsvedtaket, saman med Frp, om 22 milliardar kroner meir til Nasjonal Transportplan fram til 2015 enn det Bondevik II-regjeringa la opp til. No har de regjeringa, og de har fleirtal. Greier de å oppfylla dette?

— I tilleggsproposisjonen om statsbudsjetettet for 2006, som kjem om få dagar, vil vi prøva å oppfylla Stortinget sitt vedtak om Nasjonal Transportplan. Men vi veit at vi må konkurrera om pengar med alle andre gode føremål, som skule og helse og barnehagar. Men greier vi ikkje å oppfylla målet, går det ut over handlingsprogrammet som Stortinget har vedteke. Det kan til dømes bety seinare anleggsstart enn planlagt på E 39 Rådal-Svegatjørn og opprustinga frå Vågsbotn og nordover, altså Eikåstunnelen. I Sogn og Fjordane vil det gå ut over E 39 Kvivsvegen.

— Eg får nemna at eg har fått eit råd frå ein tidlegare samferdsleminister frå Sogn og Fjordane, Kjell Opseth. Han sa som så: - Det du ikkje får med i det fyrste budsjettet, det greier du aldri å ta inn att.

- Er det slik vi vil ha det?

— Regjeringa har stoppa vidare arbeid med anbod innanfor jernbanedrifta. Når det gjeld anbod innanfor det fylkeskommunale ansvaret, seier Soria Moria-erklæringa at de vil be fylkeskommunane venta med vidare utsetjing på anbod til de har meir kunnskap. Hordaland fylkeskommune har vedteke at kollektivruter skal ut på anbod frå 2008. Vil du ta kontakt med Hordaland fylkeskommune om dette?

— Fyrst treng vi skaffa oss meir kunnskap om dei reelle innsparingane ved anbod, men og om kostnadene. Kva er kostnaden ved utlysing og innhenting av anbod? Fører det med seg eit auka byråkrati, og kva kostar det? Kva er dei samfunnsmessige konsekvensane?

— Lat meg nemna eit døme: Fjord 1 vann for litt sidan eit anbod på ein ferjestrekning i Finnmark. Selskapet som hadde konsesjonen hadde nett investert i ei ny og spesialtilpassa ferje. Så oppstod spørsmålet, kven skulle ha ansvaret for denne ferja. No løyste dette seg ved at Fjord 1 var «snille» og kjøpte ferja. Men kva om Fjord 1 ikkje hadde gjort det?

— Og kva om til dømes HSD i Hordaland taper så mange anbodsrundar at selskapet til slutt går konkurs? Mange vil kanskje seia at det er greit. Marknaden har fungert, og HSD har ikkje livets rett. - Men er det slik vi vil ha det? spør samferdsleminister Liv Signe Navarsete.