Tirsdag kom tala for juni som viser at 123.858 kjøretøy passerte bomstasjonen på Føyno denne månaden. Det gir eit snitt på 4.129 passeringar i døgret, medan prognosane var 3.800. Sterk auke Junitala viser også sterk auke frå første heile månaden med det nye fastlandssambandet i Sunnhordland. I mai var det 112.629 passeringar, eit snitt på 3.633.ýStørst trafikk ein enkelt dag kom fredag før pinse med 6.200 kjøretøy. Og sjølv om me snart er oppe i 50 prosent som har kjøpt abonnementsbrikke, er det framleis færre enn rekna med som kjører med rabatt. Det betyr igjen meir pengar til nedbetaling av lån, seier Halleraker.