Vegdirektoratet vurderer å krevja bomavgift også frå bussar i rute, utrykkingskøyretøy, motorsyklar og elbilar. Ingen av desse køyretøygruppene betalar bomavgift i Trekantsambandet. Det førte til eit inntektsbortfall på 3,8 millionar kroner for selskapet første driftsåret.

30.april hadde landets største veganlegg vore i drift i eitt år. Trafikken var over prognosane, men inntekta svikta likevel.

1,3 millionar køyretøy passerte bombua på Føyno første året. Det gir eit døgersnitt på 3586 bilar, 186 fleire enn kalkulert på førehand.

Selskapet tok inn 96,6 millionar kroner i bompengar i fjor. Inntektssvikten skuldast også at talet på store køyretøy gjennom anlegget er mindre enn rekna med, dessutan var det ein million kroner i tapt inntekt grunna rabatt for alle passerande køyretøy i opningsfasen grunna leveringsvanskar med AutoPass-brikkene.

Torsdag var det generalforsamling i bru— og tunnelselskapet. Dagleg leiar, stortingsrepresentant Øyvind Halleraker, teikna eit positivt bilete av situasjonen. Trafikken i 2002 er betre enn prognosane, og selskapet greier å låna pengar til ei gjennomsnittsrente på ned mot seks prosent. Halleraker reknar med at bompengelånet på vel ein milliard kroner er nedbetalt om tolv år, to år før det som tidlegare var rekna med.

Øyvind Halleraker registrerer parolen for 1.mai-feiringa på Stord om trailerfri E 39. Han seier til Bergens Tidende at han ser på det som eit populistisk utspel som lite sannsynleg går gjennom. Og dersom Trekantsambandet og E39 skulle tapa halvparten av tungtrafikken til direkteferjer mellom vestlandsbyane, blir ikkje inntektstapet større enn rundt åtte millionar kroner.