— Politikarane og skuleadministrasjonen skuldar på kvarandre. Dermed går åra utan at heisen kjem på plass. Vi stangar hovudet i veggen, seier Evy Kvamme til Bergens Tidende.

Ho er med i ei arbeidsgruppe av foreldra til fjerdeklassingane ved skulen.

— Det er fem år sidan trongen for heis vart konkret påpeika, i god tid før rullestol-avhengige Tonje byrja i første klasse, seier Kvamme. Ho er redd for at heisen ikkje kjem før Tonje har flytta over på ungdomsskulen.

Dale skule har klasseromma ein halv og halvannan etasje over inngangspartiet, der Tonje har eit rom når ho treng å vera for seg sjølv. Her kan ho også ha klassekameratane på besøk, men helst ikkje alle 17 samstundes.

— Dette er ei framifrå ordning, seier faren, Eirik Verpelstad, til Bergens Tidende. Men han er vonbroten over at tilrettelegginga for integrering av funksjonshemma går trengt.

Ein rullestolheis er montert i trappeløpet den halve etasjen opp til klasserommet. Dit, men ikkje lenger, er det tilkomst. Fjerdeklassen skulle no ha vore i storskulen, men så lenge heisen manglar, er dei dømde til eit liv blant småskuleelevane. I gymnastikktimane må Tonje berast opp den halve etasjen til garderoben, og deretter ein heil etasje til sjølve gymnastikksalen. Også til andre spesialrom er det uframkomeleg med rullestol.

Trappeoppgangen byr på vanskar med å bygga eit nytt, utvendig heisehus. Det må bli høvesvis stort. Likevel meiner dei fleste dette er beste løysinga. Å bygga barneskulen fysisk saman med næraste fløy av ungdomsskulen, og bruka heisen der, har vore på tale. Ulempen er at ein ikkje fangar opp dei halve etasjane i barneskulen.

Skulesjefen i Vaksdal, Dagfinn Roe, seier til Bergens Tidende at ein heis kan stå ferdig i løpet av dette skuleåret, men truleg blir prosjektet sett i samanheng med ei større rehabilitering av skulebygninga. Difor vil han ikkje garantera at heisen kan vera i bruk til skulestart neste haust.