Dette seier ein rysta Bjørn Terje Thommassen, etter at bilen hans tirsdag vart treft av steinsprang på riksveg 53 ved Naddvik i Årdal kommune.

Han er framleis skjelven, men fysisk uskadd då han fortel bt.no om skrekk-opplevinga ein snau halvtime etter den skjedde klokka 13.20 onsdag:

– Først kom ein liten stein og landa i vegbana rundt ti meter framfor bilen. Så datt ei svær blokk ned rett til venstre framfor meg, og tippa deretter over og traff bilen i sida. Så kom to nye store steinar og traff bilen i sida.

Thommassen er heisteknikar i bergens-firmaet HK-service, og var på var på veg mot ferjeleiet på Fodnes etter eit oppdrag i Årdal. Han opplyser at begge airbagane i den vesle Peugeot-varebilen løyste ut i møtet med steinblokkene.

– Bilen er så ramponert at den ikkje er kjørbar, eg står no og ventar på at red-ningsbilen skal komme. Det er folk frå Mesta her no, men dei har ikkje med seg tungt nok utstyr til å fjerne dei største steinane.

Vegen er open i eitt kjørefelt etter rasulykka.