Det var to kollegar som fann Rørstad død då dei kom på jobb i det halvferdige huset på Hestad ved 9-tida, der den omkomne hadde arbeidd eit par timar alene.

— Det synes klart at mannen har falle ned frå ei relativt lav, to-trinns trapp og slått hovudet mot ein skarp bjelke nede ved golvet, seier lensmann Erik Folland i Gaular. – Vi veit enno ikkje grunnen til at han har falle.

Den døde vil bli obdusert, og politiet ønskjer ikkje å spekulere i årsaka til fallet før resultatet av denne undersøkinga ligg føre.

Ulukka skjedde innandørs i det uferdige bustadhuset. Rørstad etterlet seg kone og tre barn mellom eitt og ti år.