På søkjarlista står Olav Arnar Bø, tidlegare rektor ved den økologiske landbruksskulen i Aurland, Sogn jord— og hagebruksskule. Bø er no dagleg leiar for det private slakteriet Trafokjøt i Vik.

Venke Nordeide, elev- og lærlingeombod i Sogn og Fjordane, og professor i filosofi, Stein H. Olsen, er dei to andre søkjarane. Olsen er for tida busett i Hongkong.

Ifølgje sognavis.no er høgskulen også i kontakt med andre kandidatar.