Søkjarane er Elling Krogen (47), Elna Berge (50) og Geir Ove Heir (48).

Krogen er i dag administrasjonssjef i Sogn og Fjordane politidistrikt. Elna Berge var tidlegare tilsett ved politikammeret i Florø, men har dei siste åra vore avdelingsdirektør ved Statens lotteritilsyn i Førde. Begge desse søkjarane er busette i Florø.

Den tredje søkjaren, Geir Ove Heir, er lensmann i Verdal i Trøndelag.