OVE ARNE OLDERKJÆR

Verftsgrupperingane Remontova i Polen og norske Aker Brattvåg og Kleven Maritime kjempar om storkontrakten verd 1 — 1,3 milliardar kroner.

— Tildelinga skjer truleg like over nyttår, opplyser administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) til Bergens Tidende.

Alle fem ferjer skal vera leverte til Fjord1 overtek drifta av sambanda Halhjem - Sandvikvåg frå HSD og Arsvågen - Mortavika frå Rogaland Trafikkselskap 1.januar 2007.

Fjord1-konsernet der FSF og Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) deltek, har enno ikkje skrive kontrakt med Vegdirektoratet etter at konsernet vann tilbodstevlinga 26.oktober med den suverent lågaste prisen.

Detaljforhandlingane mellom Fjord1 og staten er utsett på grunn av anken frå HSD, ein anke som Vegdirektoratet avviste i forgårs.

Av di Fjord1 slo HSD langt ned i sjøstøvlane prismessig i tilbodstevlinga, har det versert påstandar om at ferjene skal byggjast rimelegast mulig, med dårleg passasjerkomfort og salongar under dekk. Dette avviser FSF-sjefen.

— Det skal bli fine og trygge ferjer med god komfort. Alle salongar er over dekk, med god utsikt. 145-bilarsferjene får passasjersalong på eit sidedekk. Dei nye fartøya sikrar kortare overfart, god plass på dekk og enkel tilkomst til passasjerinnretningane, seier administrerande direktør Stig Kristoffersen.

Sandvikvåg - Halhjem skal opererast med to 145-bilarsferjer og ei som tek 198 køyretøy. Marsjfarten blir 21 knop, slik at overfarten blir redusert frå dagens 52 minutt til 37 minutt. Sambandet får 35 avgongar i døgeret, med halvtimesfrekvens det meste av dagen. Det nye materiellet inneber ein kapasitetsauke på over 60 prosent.