Bruktbilseljaren vart i tingretten dømt til fengsel i to år for omfattande svindel og økonomisk kriminalitet. Gulating lagmannsrett har sett av dei tre neste vekene til den omfattande saka.

Saman med sin tidlegare kompanjong stod bruktbilseljaren tiltalt for svindel for til saman ni millionar kroner, og han vart funnen skuldig på dei fleste tiltalepunkta. Medtiltalte har ikkje anka sin dom på seks månaders fengsel, derav to utan vilkår.

I tingretten la dei to tidlegare partnarane i stor grad skulda på kvarandre, og tiltalte viste dessutan til at omfattande sjukefråvær hadde gjort at han hadde lite med forretningsførselen i selskapet å gjere.

Det er gjennom selskapa Bilsenteret Nye og Brukte Biler og RS Bilutleige Nye og Brukte Biler at den økonomiske svindelen skal ha skjedd, og påtalemakta meiner også at tiltalte har triksa med kilometerstanden på bilar han importerte og selde.

Tingretten frifann bruktbilseljaren for å ha svindla med tollsatsar, registrering og avgiftsberekning, men meinte dei andre brotsverka kvalifiserte til to års fengsel og erstatning, og frådømde han retten til å drive næringsverksemd dei neste tre åra.

I tingretten kravde forsvarar Svein Tømmerdal full frifinning, medan aktor kravde tre års fengsel. Resultatet vart altså to år for den hovudtiltalte.

No er det duka for ny gjennomgang av heile sakskomplekset i lagmannsretten.