— Vi er urolege over at det er så vanskeleg å få ungdom til å engasjera seg politisk, sier leier i resolusjonskomiteen ved fylkesårsmøtet, Nils Arild Johnsen.

På fylkesårsmøtet i Ulvik i helga kom det framlegg om å løna ungdom som seier ja til å stå på lista til kommune-, fylkesting- og stortingsval, og som vert valde av folket.

Johnsen meiner aktiv deltaking i demokratiske prosessar er ein viktig føresetnad for å oppretthalda folkestyret. Og ungdom må med. Mange parti har problem med å få ungdom til å stilla til val.

— Hordaland Senterparti meiner det kan vera ei sterkt verkemiddel at ungdom som vil engasjera seg politisk ser at dette gjev dei tilleggspoeng i høve til opptak til høgare utdanning. Mange lærestader er opptekne av dette allereie og i mange jobbar vert dette vektlagd. No vil vi gjerne ha dette formalisert, seier Johnsen. Senterpartiet har programfesta at ungdom som tek på seg tillitsverv i friviljuge organisasjonar skal få tilleggspoeng. No vil partiet gå eit steg vidare.

— Vi trur dette kan verta ein spore til meir aktiv innsats frå unge til politisk arbeid. Vi veit at interessa og engasjementet er stort blant dei unge. Diverre vegrar dei seg ofte for å stilla seg på lister til val, og mange seier nok nei avdi dei føler at det vil øydeleggja kontinuiteten i utdanningsløpet, seier Johnsen.