Ei kvinne i 20-åra er send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Føraren av personbilen, ein mann i 40-åra, og ei kvinne i 20-åra blei sende med ambulansebil.

Politiet har så langt ikkje fullt oversyn over skadeomfanget, men ifølgje Inge Værøy på operasjonssentralen i Florø tyder ikkje noko på at dei tre er alvorleg skadde.

Ulukka, som skjedde i Avenbukta mellom Lavik og Vadheim, blei meldt rundt klokka halv ni.

Det er snøføre på staden.