I Vik vart ein mann frå Sogndal i midten av 20-åra stoppa. I tillegg til mistanke om promillekøyring, har mannen heller ikkje førarkort. Politiet fekk tips om at ein namngitt kar var ute og køyrde bil. Sogndølen, som er ein kjenning av politiet, vart stoppa klokka 23.30 fredag kveld.

I Sande i Gaular vart ein sunnfjording midt i 20-åra stoppa etter tips. Politiet stoppa mannen klokka 06.00 laurdag morgon.

I Gloppen kommune i Nordfjord vart ein mann i 50-åra stoppa i ein rutinekontroll klokka 10.55 laurdag formiddag.

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt vil ikkje skulde på julebordssesong og førjulsfeiring.

— Tre promillekøyrarar er ikkje uvanleg mange, meiner han.