Mannen vart pågripen saman med to tenåringar, og det skal — i lokal målestokk - vere snakk om eit større parti amfetamin. Ein av dei to tenåringane vart tysdag kun bøtelagt for narkobruk og sett fri, medan den andre ungguten blir sett i direkte samanheng med det store amfetaminpartiet.

Han har erkjent dette i avhøyr, og fekk også gå etter avhøyr tysdag.

Sistemann, som er i slutten av 20-åra, nektar ifølgje politiet for å ha noko med narkotikaen å gjere. Vi vil krevje han fengsla i fire veker, opplyser politiinspektør Terje Gjertsen til Bergens Tidendes nettavis. Forutan amfetamin beslagla politiet ein del tablettar og brukarutstyr i aksjonen.