To bilar kolliderte front mot front på den smale vegen mellom Hafslo og Solvorn i Luster kommune tysdag ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.15. Alle dei tre innvolverte vart sendt til sentralsjukehuset i Førde, ein med luftambulanse og dei andre med ambulanse.

— Tilstanden skal ikkje vera livstruande for nokon av dei, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I den eine bilen sat det ein mann i 20-åra som er heimehøyrande i området, i den andre ein dansk og ein norsk statsborgar, ei kvinne i slutten av 50-åra og ein mann på vel 60 år.

— Me mistenkjer at mannen i 20-åra har kjørt i påverka tilstand, seier Hauge.